tirsdag 6. september 2011

1.milepæl særemne

Hodejegerne – frå bok til film

Handlingsreferat del 1:

Hodejegerne er den åttande boka til den kjende kriminalforfattaren Jo Nesbø. I denne boka bryt han ned barrieren om Harry Hòle og viser fram ein heilt ny hovedperson. Hovedpersonen i hodejegerne er heilt annleis enn tidlegare hovedpersoner Nesbø har skrive om, og heitar Roger Brown. I denne boka byter han òg frå å skrive ein politiroman til å skrive boka som ein thriller.

Roger Brown er ein elegant, respektert og veldig smart mann. Han virkar som ein beherska person som har full kontroll over alt, og som ikkje har mykje problem og stress i hverdagen. Han er ikkje veldig høy, men det kompenserer han med sin vanvittige selvtillitt. Roger bur på Oslos vestkant, er kjent for å vere Noregs beste hodejeger, og er i tillegg saman med ein usedvanleg ven gallerieier med namn Diana. Det er veldig mykje Brown skjuler for sin elska. Spesielt det at han har veldig dårleg økonomi i tilhøve til kva ein slik dame som Diana krev. Deira luksusliv gjer slik at Brown må ty til andre inntektskilder for å få økonomien til å gå rundt. Galleriet til Diana hjelper ikkje stort, såg Roger må finne på andre metodar. Dermed intervjuar han kandidatane sine, kartlegg alt om privatliva deira, interessene deira og interessa deira for kunst. For det er nemleg ein ting Brown er meir interessert i å høyre om, nemleg om kandidatane eig noko verdifull kunst. Deretter inviterer han til eit anna intervju. På dette intervjuet er han sjølv ikkje med, men i staden heime i huset til kandidatane for å sikre seg alt av verdifull kunst.

Det å gjere Diana glad er det som tyder aller mest for Roger. Det einaste han ikkje vil gje henne, og som òg er eit av hennar største ynskjer, er eit barn. Han er redd for at Diana skal elske barnet meir enn han sjølv. Elles lever Roger og Diana som ein dans på roser.

Man kan trygt seie at Roger Brown er ein oppegåande person. Han har nesten alltid ein plan for kva han gjer, og er veldig gjennomtenkt. Alle intervjua hans går som regel på å finne den riktige personen til ein jobb. Det er det alle kandidatane trur. Den eigenlege sanninga er at Roger er ute etter all den kostbare kunsten deira. Måten han går fram på i intervjua sine og korleis han får tak i all informasjonen, er fascinerande. Det er tydeleg at det er ein mann ein skal ha respekt for.

”Du sit her føre meg som ein av seks kandidatar til ein slik lederjobb. Eg trur ikkje du kjem til å få han. Det er fordi du manglar renommé. Munnen hans opna seg som ein protest, men som aldri kom. Eg kasta meg tilbake i den høyryggede stolen som skreik til. "Herregud, menn, du har søkt på denne jobben! Det du skulle gjort, var å få ein stråmann til å tipse oss om deg, og late som du ikkje visste om det når vi hadde kontakta deg. Ein toppleiar skal headhuntes, ikkje kome ferdig skutt og partert."

Brown går alltid direkte på sak, utan noko slags form for hemningar. Man ser på han som ein person med fornuft og intelligens, men innerst inne skjuler det seg berre ei sanning. Roger Brown er ein tjuv, ein svindlar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar